Støttar datasentergrepa, men åtvarar mot langvarig investeringsuvisse
– Me er meir skeptiske til at staten skal gå inn som eigar i ein marknad der private aktørar kan levere tenestene, skriv Tom-Christer Nilsen på vegner av Bergen Næringsråd.

Regjeringa tek i dag eit nødvendig grep for å få kontroll på den sterke veksten i datasenter og etterspurnaden etter kraft og nettkapasitet. Samstundes må arbeidet med nye rammevilkår skje raskt, slik at den mellombelse stansen i nye reservasjonar av nettkapasitet ikkje skaper langvarig uvisse for seriøse aktørar.
Spørsmålet om korleis Noreg skal handtere den kraftige veksten i datasenternæringa har over tid skapt uro både i kraft- og nettbransjen, i næringslivet elles og blant datasenteraktørane sjølve.
Regjeringa varsla i dag mellom anna at ho vil utgreie ei konsesjonsordning for datasenter, prioritere samfunnskritisk forbruk, modernisere tilknytingsplikta og opne for å stille vilkår for tilknyting til nettet.
Det er bra at regjeringa no tek tak i ei problemstilling som har skapt mykje uvisse. Kraft og nettkapasitet er knappe ressursar, og me meiner det er riktig å stille krav til datasentera som ønskjer å etablere seg i Noreg. Det er også fornuftig å sjå nærare på ei konsesjonsordning og korleis me kan prioritere dei etableringane som har størst samfunnsnytte.
Bergen Næringsråd meiner ei framtidig ordning må byggje på tydelege og føreseielege kriterium. Omsyn som digital tryggleik og beredskap, verdiskaping, energieffektivitet og bidrag til kritisk digital infrastruktur bør vere relevante når samfunnsnytten skal vurderast. Regjeringa varslar også at ho vil greie ut ulike modellar for statleg eigarskap i særleg samfunnsnyttige datasenterprosjekt.
Her meiner Bergen Næringsråd at staten bør vere varsam.
Me er meir skeptiske til at staten skal gå inn som eigar i ein marknad der private aktørar kan levere tenestene. Dersom staten skal eige datasenterkapasitet, meiner me det må vere grunngitt i konkrete statlege behov knytte til tryggleik, beredskap og kontroll over eigne data og informasjon. Staten bør ikkje bli ein generell kommersiell datasenteraktør.
Samtidig har Statnett innført ein mellombels stans i nye reservasjonar av nettkapasitet til datasenter. Stansen er venta oppheva seinast 1. august 2027.
Bergen Næringsråd har forståing for at det no er nødvendig å setje nye reservasjonar på pause for å sikre forsvarleg drift av kraftsystemet.
Samstundes meiner næringsrådet at situasjonen viser at styresmaktene har brukt for lang tid på å få på plass eit regelverk som tek høgd for den sterke veksten i datasenternæringa.
Når me har kome dit at Statnett må trykkje på den store raude knappen og stanse nye reservasjonar, er det grunn til å spørje kvifor nødvendige avklaringar ikkje kom tidlegare. Me forstår at pausen kan vere nødvendig no, men han er også eit teikn på at regelverket ikkje har halde tritt med utviklinga. No må regjeringa bruke tida godt og sørgje for at stansen blir så kort som mogleg.
Noreg konkurrerer om investeringar med land som også ønskjer å byggje opp digital infrastruktur og KI-kapasitet. Då må me vere varsame med å skape inntrykk av at rammevilkåra kan bli endra undervegs. Regjeringa må avklare strategi og regelverk i løpet av 2027, slik at seriøse investorar veit kva dei har å halde seg til.
Bergen Næringsråd understrekar samtidig at betre prioritering av knapp nettkapasitet ikkje kan erstatte behovet for meir kraft, raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet som allereie finst.
Me må klare to ting samtidig: bruke den kapasiteten me har på ein meir målretta måte, og byggje meir kraft og nett. Regulering åleine løyser ikkje kraftunderskotet eller nettkøane. Sjølv utan datasentre har vi underskot på kraft og nett framover.