Opplever stor etterspurnad: No står restaurantane i kø for produktet deira
Maido og Maris Pakk har gjort hobbyen til levebrød i bioparken på Voss.

– Det var som eit indre kall, seier Maido Pakk om kvifor akkurat han enda opp som grøn gründer.
Han var profesjonell fotballspelar i Estland, før ein skade sette stoppar for ein vidare karriere på toppnivå. Plutseleg måtte han finna ein annan lidenskap å fylla arbeidsdagane med. Valet fall på kokkeyrket.
– Eg har alltid vore glad i matlaging, og jobba meg opp frå frukostkokk til fine dining-restaurantar.
Parallelt oppdaga han gleda over å dyrka ting.
– Når du har skrelt nokre tusen poteter set det òg i gang refleksjonar rundt korleis alt heng saman. Det er heilt utruleg kva naturen kan gjera, korleis røter veks ut frå eit lite frø.

Frå hobby til leveveg
No er det nettopp små frø og vekstar som opptek kvardagen til han og kona Maris.
I fjor tok dei steget frå dyrking på hobbybasis til eiga bedrift, og starta Voss Microz. Her dyrkar dei mikrogrønt som dei sel til fine dining-restaurantar over heile Vestlandet.
Mikrogrønt er små planter av grønnsaker, urter eller blomar som blir hausta i eit tidleg vekststadium. Frå frø til innhausting tek det som regel berre ei til to veker.
– Me har mellom 150-200 restaurantar på kundelista og merkar at stadig fleire har høyrt om oss, seier Maido.










Lokala til Voss Microz er ein grøn oase i eit elles grått industriområde.
1/10
Berekraftig symbiose
I bioparken Voss Virka har dei fått god støtte sidan første frø vart sådd, bokstavleg talt.
Parken er utpeikt som ein av dei 19 sentrale grøne industrihubbane i Grøn region Vestland og fungerer som ei sentral klynge for sirkulær bioøkonomi og industriell symbiose.
Tanken er at ulike bedrifter skal samarbeida og dra nytte av kvarandre sine biologiske avfallsstraumar for å skapa nye produkt og grøn energi.

Eit konkret døme på nyttesamarbeid på Bjørkemoen er at Voss Microz testar om bioresten frå BIR sitt nye biogassanlegg kan brukast til dyrking. Målet er å utvikla si eiga dyrkingsjord.
– Voss Virka jobbar i mellomrommet mellom bedrifter. Selskapet sitt føremål handlar om å få til ny, sirkulær industri på eit 600 dekar stort næringsområde på Bjørkemoen litt utanfor Voss sentrum. Me kallar det jordnær innovasjon, at det er innanfor planeten si tolegrense, seier prosjektleiar i Voss Virka, Elise Sæle Dahle.

I stort handlar det om å erstatta lineær økonomi med sirkulær økonomi.
– Lineær økonomi handlar om at me tek ut naturressursar, produserer ting, brukar og kastar dei. Sirkulær økonomi handlar om at me skal bruka mindre, bruka det lenger, og så tilbakeføra det til naturen, seier ho.
Maido skildrar kjærleiken til naturen og at menneske skal ha det godt som den viktigaste drivkrafta i det han gjer.
– Eg er oppteken av framtida til ungane våre, og at dei skal få god, rein mat som ikkje er ultraprosessert.

Jaktar investorar
Voss Microz si største utfordring har som for mange andre gründerar vore tilgang på kapital. Til no har Maido og Maris for det meste brukt eigenkapital for å finansiera drifta, i tillegg til tilskot frå kraftfondet og Fjord- og fjellfondet.
No håpar dei å finna partnarar eller investorar som kan hjelpa dei å ta det neste steget, slik at dei kan investera i utstyr og produsera endå meir mikrogrønt.
– Me har allereie tripla produksjonen samanlikna med same tid i fjor, og dette er berre andre året me er tilgjengelege i marknaden. I sommar produserte me på det meste rett over 400 boksar i veka, neste sommar er målet 5-600 boksar, seier Maido.
Å driva med mikrogrønt er ein 24/7-jobb, sju dagar i veka. Ekteparet har passert grensa for kor mykje dei klarer å gjera sjølve, og har fått inn to ekstrahjelper. No er målet å veksa vidare, for å møta etterspurnaden dei opplever i marknaden.
– Å bygga opp denne bedrifta er litt som å få ein unge. Det er mest takksemd, men også tøffe tak, slår Maido fast.