Loading

På same måte som kundane deira er opptekne av å få hjelp til effektivisering og gode arbeidsprosessar, har konsulentselskapet Avo Consulting vore nøydd til å gjera endringar dei siste åra for å sikra lønsemd i ein krevjande marknad.
fortalde dagleg leiar Inger Lin Gleditsch Ekås at selskapet gjennomførte ei betydeleg restrukturering i 2024, noko som mellom anna gjorde at dei gjekk inn i 2025 med 16 færre tilsette enn året før.
2025 blei også det første året med lågare omsetnad enn året før, med 223,8 millionar kroner, mot 238,9 millionar året før. Driftsresultatet (EBITDA) i 2025 enda på 13,5 millionar, eit hopp frå 3,4 millionar i 2024.

Ein følge av omstruktureringa i 2024 er at Avo kun har éin tilsett som jobbar fulltid med interne støttefunksjonar.
– Alle oppgåver innan økonomi, HR og administrasjon er ivaretekne av KI-agentar og medarbeidarar som også har ei konsulentrolle. Me må løysa intern drift på ein meir intelligent og mindre tidkrevjande måte, utan at kvaliteten i måten me driv selskapet på går ned, seier Marcus Garberg. Han er direktør for sal og marknad og har jobba ved Avo si Bergensavdeling i ni og eit halvt av dei ti åra selskapet har eksistert.
Allereie no ser han også at sjølve forretningsmodellen, med timebasert fakturering, blir utfordra:
Marcus Paulsen Garberg i Avo Consulting seier konsulentbransjen må finna andre måtar å ta seg betalt på framover.
Det eneste du trenger å gjøre er å legge igjen e-postadressen din
Når du registrerer deg hos oss, godtar du våre