Loading

Oppdrettsgigantane Lerøy Seafood og Mowi er utolmodige og håpar på eit eige «kraftløft» for utvikling av areal i sjø.
– Når me snakkar om havbruksnæringa blir me ofte verande i overflata og snakka om berekraft, vekst og ambisjonar, og dykkar ikkje langt nok ned i kva som hindrar den veksten og omstillinga som me ynskjer å få til, sa kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi då diskusjon om arealforvaltninga i havbruk stod på programmet på , under leiing av Tom-Christer Nilsen frå Bergen Næringsråd og Gro Anita Fonnes Flaten frå DNV.
Med i panelet var også Aina Valland frå Lerøy Seafood Group. Ho etterlyste politikarar som torar å prioritera og gje tydelege rammer for forvaltninga av havbruket.
– Førre veke kom kraftløftet som skal gje kjappare vegar for å utvikla kraftnettet i Noreg. Eg håpar me kan sjå til den måten å gjera det på også for areal i sjø, sa ho.

Lerøy Seafood Group omset sjømat tilsvarande 5 millionar måltid kvar dag, og har etter eige utsagn mål om å skapa verdas mest effektive og berekraftige verdikjede for sjømat. Valland meiner ordet berekraft ofte blir brukt feil.
– Det handlar både om miljø, økonomi og sosial berekraft, og det er i balansen mellom dei tre pilarane du finn dei gode løysingane, sa ho.
– Mykje i dag ramlar ned på miljø, men ein må òg tora å ta avgjerder sjølv om det får negativ miljømessig effekt, dersom dei positive sidene er sterkare. Eg saknar nokon som kan
Det eneste du trenger å gjøre er å legge igjen e-postadressen din
Når du registrerer deg hos oss, godtar du våre