Lesekultur: – Næringslivet må vakne
Næringslivet må kome på banen dersom regjeringa sitt leseløft skal bli ein realitet.

Regjeringa har varsla ei omfattande satsing på vaksne lesarar. Norsk Forfattersentrum meiner at satsinga på lesekultur bør vere varig, og integrerast i alle samfunnsplanar.
Tidlegare lesesatsingar i Noreg har vore kampanjeprega. Sjølv om det er fint og flott med til dømes nasjonale bokår, må det denne gongen vere snakk om varige tiltak som kan påverke alle innbyggjarane i heile landet, i alle aldrar.
Her kan det offentlege gjere mykje, men også næringslivet må spele ei aktiv rolle.
Er det så nøye, da?
Menn som deltek i kulturelle aktivitetar har færre fastlegekonsultasjonar, og personar som deltek i kulturelle aktivitetar har lågare dødelegheit. Dette kjem fram i Bente Irene Løkken si doktorgradsavhandling om Helseundersøkinga i Trøndelag.
15 % av den norske vaksne befolkninga i Noreg har så svake leseferdigheiter at dei strevar med å forstå enkle tekstar (undersøkinga PIAAC2). For dei som står utanfor arbeidsliv og skule, er talet 24 %. Svak leseevne medverkar til utanforskap og er ein trussel mot helse, eigenmakt og demokrati. Den største utfordringa i eit leseløft blir å inkludere dei med lågast leseevne.
Aukande bruk av KI gjev oss meir tekst og meir desinformasjon. Vi fryktar at dei med låg leseevne vil slite enda hardare med å filtrere og å forstå informasjon. Låg leseevne og konsentrasjonsevne kan på sikt føre til eit større klasseskilje i samfunnet.
Kva kan gjerast?
Vi må fjerne tabuet å ikkje kunne å lese. Bedrifter kan gjere det lettare å vere ærleg om at ein har leseutfordringar. Arbeidsplassar kan lage system for å oppdage at ein tilsett ikkje kan å lese. Dei som seier frå, må få hjelp.
Lesevanar arvar ein frå venner, familien, miljøet rundt seg og frå kollegaer. Dette blir sjølvforsterkande dynamikkar. Vi treng lesevennlege arbeidsplassar!
Kommunar og det offentlege har eit stort ansvar og moglegheit til å påverke. Målet om å styrke leseevna må integrerast i alle samfunnsplanar. Dette er òg eit sentralt poeng i KS-rapporten Kulturfeltets plass i samfunnsutviklingen.
Rapporten slår fast at det er viktig å leggje til rette for eit aktivt kulturliv lokalt, gjennom stabil og langsiktig finansiering.
På tilsvarande måte som offentlege tilsegnsbrev stiller krav innan berekraft, mangfald og tilgjengelegheit, kan det stillast krav om at institusjonar legg til rette for auka leseevne hjå tilsette.
Skal vi lykkast med å byggje ein sterkare lesekultur i heile landet, må vi samarbeide på tvers av departement, sektorar og næringsliv.
Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet kan ikkje dra lasset åleine, også Nærings- og fiskeridepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet må på banen.
Alle delar av samfunnet må tildelast ansvar. Å byggje lesekultur må bli ein sjølvsagt del av samfunnsplanlegginga. Lesing lønner seg!