Loading

– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.
– Den type kundar som Ukraina representerer har kort tid til å bestemma seg og må ha eit system som er klart. Me prøver å dra nytte av at me framleis er eit lite selskap som kan snu oss fort, og det gjeld også dei me samarbeider med, seier dagleg leiar og medgrunnleggjar i Kitemill, Thomas Hårklau.
Etter å ha jobba med utviklinga av luftboren vindkraft i over 20 år, har Kitemill det siste året dreia fokuset frå rein energiproduksjon over til forsvarsevne og beredskap. Dét kan visa seg å ha vore eit sjakktrekk, både for tryggleiken i Europa og omstillinga til grøn energi.
– Dei siste par åra har me opplevd at investorar har blitt meir og meir fokuserte på tryggleik. Nokre var så direkte at dei sa til oss at me måtte koma oss inn i forsvarssektoren, for det er dit alle pengane går no, seier Hårklau.
Det eneste du trenger å gjøre er å legge igjen e-postadressen din
Når du registrerer deg hos oss, godtar du våre