Sysla
Publisert for 2 dager siden|Nyheter

– Eg kjenner ingen frilansarar som ikkje slit no

Ho kallar seg Noregs ærlegaste fotograf. No tek Ingerid Jordal eit oppgjer med ein bransje som sviktar frilansarane.

Invild Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 30.06.2026 10:45
Ingerid Jordal
– Det har vore ei ekstrem endring innan det frie feltet, seier fotograf Ingerid Jordal. Foto: Line B. Iversen / Agatunet

«Eg har 25 års erfaring, hatt rød løper på Høstutstillingen og fronten av VG og 30 separatustillingar. Men 95 % av mine oppdragsgivarar har slutta å bruka meg. Eg får ingen tilskudd. Ingen stipend.»

Slik opna fotograf Ingerid Jordal eit innlegg på Instagram nyleg.

Her tek ho opp ei problemstilling mange vaksne frilansarar i mediebransjen kjenner seg igjen i, nemleg at dei blir mindre attraktive for oppdrag etter at dei får «barn, huslån og straumrekning».

– Det Ingerid opplever er ikkje unikt. Det handlar om ein ukultur og manglande bevisstheit hjå oppdragsgjevarane, fastslår Lisbet Jære i NJ Frilans, Norsk Journalistlag si medlemsgruppe for frilansarar.

Brå slutt

– Etter covid spesielt har det vore ei ekstrem endring innan det frie feltet, både når det gjeld mengda arbeidsoppdrag og moglegheitene for å søkja tilskot, fortel Ingerid Jordal når ho skal oppsummera det ho hadde gått og kjent på ei tid og som gjorde at ho la ut Instagram-innlegget.

– Økonomien min har alltid vore eit lappeteppe, med nokre tilskot frå aktørar som Fritt Ord og Kulturrådet, oppdrag for bedrifter og media, og sal av kunst. Slik er det for mange frilansarar, det er sjeldan berre ein inntektsstraum. Men det siste året er det på ein måte som om alt berre har tørka inn på ein gong. Medan fast tilsette får lønsauke i tråd med inflasjonen, er det ikkje slik for frilansarar og det finst mange døme på at me får mindre betalt no enn for ti år sidan. Eg veit om eit magasin som har gått frå å betala 12 000 til 3000 kroner for den same oppdragsmengda, og det finst mange liknande døme.

Ingerid Jordal har delteke på Høstutstillingen to gonger, i 2022 og seinast i 2025. Foto: Torbjørn Monsen / Ságat
Ingerid Jordal har delteke på Høstutstillingen to gonger, her frå 2022 med prosjektet She Hunts.

– Korleis slår desse endringane ut for deg?

– Eg merkar det når eg leverer tilbod til oppdragsgjevarar og jobben ryk fordi det alltid finst nokon som tek mindre betalt enn meg. Eg sit med master i fotografi og 25 år med erfaring, men blir valt vekk til fordel for fotografar som aksepterer mindre honorar enn minsteløn. Det er frustrerande.

Jordal seier korona-pandemien utløyste ei krisetid innan heile kulturfeltet.

– Det gjorde at talet på søkjarar til omtrent alt av tilskot skaut i været, og det har aldri normalisert seg igjen sidan. Lokale, regionale og for så vidt også statlege kulturbudsjett er skorne til beinet. Eller blir i alle fall brukte på veldig mykje anna enn på dei som faktisk skapar kunst og kultur, meiner eg. Resultatet er at det blir få kroner att å fordela på dei som søkjer støtte. Når til dømes kommunane kuttar i sine lokale budsjett, er det kulturen som ryk fyrst fordi det ikkje er snakk om tenester som er lovpålagde.

Lite vilje

– Kva er det mest overraskande du har lært det siste året?

– Eg opplever at det er mange fine taler der det blir snakka om å lyfta fram gründerar i distrikta, men når det kjem til stykket verkar det ikkje som om det er nok vilje til å faktisk bidra til at dei som finst har noko å gjera. Eg hadde sikkert behalde mange oppdrag hadde eg sagt ja til dårlege vilkår, men når ein har halde på så lenge som eg har synest eg ikkje det er greitt. Eg vil ha eit leveleg arbeidsliv eg også, men opplever at eg blir sortert ut fordi eg er «vanskeleg» når eg stiller enkelte minimumskrav for løn og arbeidsvilkår.

Foto: Linn A. Christiansen for Gjenreisningsmuseet i Hammerfest i 2024 i samband med opninga av utstillinga «Frigjøring og gjenreisning».
Foto: Linn A. Christiansen for Gjenreisningsmuseet i Hammerfest i 2024 i samband med opninga av utstillinga «Frigjøring og gjenreisning».

Lisbet Jære i NJ Frilans seier det generelle inntrykket er at det har blitt vanskelegare å vera frilansar dei siste to-tre åra, noko som òg blir gjenspegla i medlemsmassen deira som har gått litt ned.

– I Noreg er det lite kunnskap om og interesse for den økonomiske situasjonen for dei som har enkeltpersonføretak. Det er til dømes ikkje mange som veit at denne gruppa får mindre støtte frå Nav enn andre har krav på.

Stor nedgang

Tal frå NJ Frilans si arbeidsundersøking frå 2024 viste at inntekta til frilansarane hadde gått ned i perioden 2018-2023.

– I 2018 tente ein frilansar i gjennomsnitt 66 prosent av det ein fast tilsett gjorde. I 2023 var dette gåtte ned til 60 prosent. I realiteten er løna endå lågare sidan ein frilansar sjølv må dekkja inn for feriepengar, sjukeløn, pensjonssparing og utgifter til kontor og utstyr, seier ho.

Ei anna synleg endring i same periode var at talet på oppdragsgjevarar gjekk ned.

– Medan 25 prosent av frilansarane i 2018 oppgav at dei jobba for sju eller fleire oppdragsgjevarar, var det berre 7 prosent som oppgav at dei gjorde det i 2023. Det viser at det er har blitt færre som er interesserte i å betala for innhald, seier Jære.

Ho meiner det er eit paradoks at mediebransjen som gjerne skriv om sosial dumping i andre bransjar ikkje er medvitne på respektera at også frilansarar har krav på gode arbeidsvilkår.

– Det er ein ukultur som har spreidd seg, at ein skal tyna grensene lengst mogleg.

Sjølv om jobbane har blitt færre, har det ikkje stoppa heilt opp for Ingerid Jordal.

– Akkurat no held eg på med ein video om gamal ølbryggjartradisjon i Hardanger, så det er ikkje sånn at eg er heilt tom for oppdrag. Det er eit veldig fint prosjekt! Og så skal eg ha ei utstilling med She Hunts i Sandnessjøen i august, så det gler eg meg til.