Ba Høgre om å «bli eit næringslivsparti igjen»
Strønoparken skviser bustadprisane og sel unna som berre juling. Nestleiar Ola Svenneby fekk høyra kor skoen trykker.

Nestleiar i Høgre, Ola Svenneby, var denne veka på firmabesøk i Bjørnafjorden kommune før han deltok på møte i lokalpartiet.
Varaordførar Marie Lunde Bruarøy og lokalpartileiar Thomas Nyløkken var del av delegasjonen.
Etter Vinnes Friskule og Framo Fusa gjekk turen til Samba Marin.
– Der fekk eg høyra om formuesskatt. Dei forklarer om auka utanlandsk eigarskap, og eg forstår situasjonen deira, seier Svenneby.

Marknadssjef i Samba Marin, Erik Vågen, forklarer.
– Lokalt er vi kanskje eit stort firma, og vi er med 11 båtar i drift stor blant dei små. Vi har òg tre nybygg i bestilling.
– Men det er minst fire arbeidsbåtreiarar med over 40 båtar i flåten. Stadig fleire av dei store blir kjøpte opp av utanlandske fond, inkludert nokre av desse.
– Formuesskatten fører til at vi må tena inn 1000 kroner ekstra per dag, per båt, for å sitja igjen med det same som dei med utanlandske eigarar.
Så gjekk turen til Strønoparken, eit tomtefelt som har blitt ein bustadseljar av sjeldan sort.
Einebustadar til 4,5 millionar, leilegheit i firemannsbustad, med to soverom, utan felleskostnadar, til 2.590.000 kroner.
Det står 110 interessentar på venteliste.
– Vi starta i motsett ende, og spurde kva har vanlege folk råd til. Det gjeld både førstegongskjøparar, einslege og, eit ord vi har dikta sjølv, «sistegongskjøparar», seier Klas Færøvik.
Så jobba dei for å realisera noko i denne priskategorien, i samarbeid med arkitekt og handverkarar.
– Det er ikkje alle som vil ha alderdomen sin midt i Os sentrum, til prisar høgare enn kva dei får selt den gamle einebustaden sin for.
– Det finst eldre som vil bu landleg, gjerne nær barnebarn og oldebarn. Her har vi noko for alle. Investorar og spekulantar er dei einaste vi ikkje har ønskt velkomen.

Han brenn spesielt for førstegongskjøparar.
– I neste byggetrinn har vi 48 slike leilegheiter. Alle kjøparane er einslege, mange av dei kjøper sitt første hus.
– Kor skulle desse 48 ha budd viss ikkje desse var tilgjengelege? I ein av dei 13 husværa som er for leige i kommunen? I kollektiv i Bergen? spør han.
– Kastar bedriftene under bussen
Strønoparken blei servert med ferdig infrastruktur, men var i utgangspunktet «berre» eit tomtefelt.
I tillegg til å selja tomter til privatpersonar og byggefirma, har Færøvik tatt initiativ til utvikling av svært prisgunstige bustadtypar.
– Vi har, saman med lokale arkitektar og handverkarar, utvikla ein pakke som gir eit rimeleg sluttprodukt.
– Kjøpar får tomt og hus, men unngår fordyrande prosessar. Vi sel tomtene billig, på vilkår av at ingen av dei involverte skummar fløyte. Sluttprisen er bestemt av oss.

Samtidig meiner han at handverkarselskapa får gode vilkår.
– Her er mange små, lokale firma som får jobb i årevis utan å måtta sitja utover kveldane å rekna anbod. Med mange like hus er det duka for effektiv drift.
Kvar månad er det innflytting i nye bustadar.
– Det har òg vore eit poeng å bygga fort, når du har eit felt rigga for over hundre bustadar. Vi vil ikkje at dei første kjøparane skal ha anleggsarbeid rundt husveggane i fleire tiår.
Då Færøvik blei spurd om å ta imot Høgre-delegasjonen, kunne timinga knapt vore betre.
Ikkje berre er drivstoffavgiftene eit heitt tema, same dag fekk Færøvik epost frå ein entreprenør.
– Grunnentreprenøren vår opplyser at dieselprisen hans har auka med 54 prosent sidan januar. Bustadkjøparane har avtalte kjøpesummar, og fagbedriftene har avtalt faste prisar. Då slår sånne kostnadshopp direkte inn i marginane. Eg meiner Høgre må bidra til å redusera avgiftsbelastninga og gi bedriftene meir føreseielege vilkår.
Færøvik avviser at avgiftslette er «sponsing».
– Staten håvar inn på prisauken, her er det snakk om å dela litt av gevinsten med både privatpersonar og sekundærnæringa, dei som bygger hus og dei som fraktar varer.
– Det er kanskje strategisk å prioritera skattelette til privatpersonar, det er jo dei som skal levera stemmeseddelen, ikkje privateigde firma. Samtidig viser meiningsmålingane at dei er avslørte, seier Færøvik.
– Høgre, som éin gong hadde rykte på seg å vera eit næringslivsparti, burde stått skulder i skulder med Sp og Frp i krav om avgiftslette på drivstoff, meiner han.





Færøvik tok imot Høgre-delegasjonen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
1/5
Lokale hinder
Det er ikkje berre rikspolitikk utbyggaren kunne tenkt seg var annleis.
Svenneby fekk høyra om prosessen med byggestart og den tidlegare risikoen med skulenedlegging.
– Då det nærma seg vedtak av ny kommunedelplan for areal (gjeldande arealplan), og Statsforvaltar rasla med sentraliserings-sabelen, forsto vi at det var på høg tid å koma i gang.
– Staten vil jo helst at 80 prosent av nye bustadar skal byggast i sentrum. Dessutan var det uvisse om kapasiteten på Strønebrua var god nok, stadfestar varaordførar Marie Lunde Bruarøy.
Tomteutviklar brukte fleire titals millionar på å bygga infrastruktur. Asfalter veg med fortau og gatelys, og veg, vatn og fiber til tomtegrensene, sto klar.

– Så var det fare for at kjeda som dreiv barnehagen ville runda av, samtidig byrja kommunen å drøfta skulenedlegging.
– Det var lite pengar å henta, likevel fekk vi eit «fe-sjå» der lokalpolitikarar og administrasjon reiste rundt til alle dei stakkars krinsane, for at ungar og foreldre skulle stå med lua i handa å fortelja kvifor akkurat deira skule skulle bergast.
Det enda med at ingen skular blei lagt ned. Barnehagen blei redda av ei privat kjede.
Parallelt med prosessen hadde Færøvik første sal i boks. Til ein mann med svært høg inntekt.
– Skatten hans åleine ville ha dekka inn skulen. Han selte, leigde hus i kommunen og venta. Men rett før kommunen sjølv forsto at skulenedlegging ikkje var ein god idé, kjøpte han hus i Bergen.
– Vi tapte ikkje noko på det. Han eig framleis tomta sjølv, og ho ligg urørt og ubygd. Det er trist å sjå. Eg håpar eg ein dag kan vekkje bustaddraumen deira til live igjen, og få denne familien til å flytta tilbake til Bjørnafjorden – altså selje inn draumen for andre gong.
– Men kommunen tapte på dette. Dei gløymde å ta omsyn til andre ting enn utgifter, liv i krinsane skaper òg inntekt.
Treng rask avklaring på neste trinn
Han meiner uansett at dagens respons og aktivitet i bustadfeltet har høg samfunnsnytte.
– Tenk kva verdi det har med alle dei unge, nyutdanna, som no har sjanse å bli verande i kommunen, og skatta her i årevis. Samtidig som fleire lokale handverkarar har stabil, god marknad på heimebane.
– All uvisse og trenering, politisk og administrativt, er tap for lokalsamfunnet, meiner Klas Færøvik.

Færøvik påpeiker at Byvekstavtalen òg opnar for å utvikla levande lokalsamfunn og utnytta eksisterande infrastruktur.
– For lokal administrasjon og politisk styre gjeld det å lesa heile, ikkje berre frykta at Statsforvaltar skal seia stopp. På tomtene våre ligg veg, vatn, avløp og straum klart. Eg meiner kommunen må vurdera konkret korleis dette handlingsrommet kan brukast til å gi unge ein stad å bu.
Strønoparken planlegg no 48 STARTBO-leilegheiter som dei kan bygga i 2027, dersom dei får godkjenningar i tide.
Dei første 24 er allereie selde, med atterhald om godkjend planendring, til 2,79 millionar kroner, og interesselista er lang.
Målgruppa er særleg unge, einslege førstegongskjøparar frå Bjørnafjorden.
– SVAL (dei første lågpris-leilegheitene i firemannsbustad) blir ferdigstilt i januar 2027.
– Skal vi halda fram med det same laget av lokale fagfolk på STARTBO, treng vi avklaring no. Elles må bedriftene senda folk vidare til andre oppdrag. Då står både framdrifta og moglegheita til å levera desse bustadene i 2027 på spel.
Saka vart først publisert på Midtsiden.no